Gjesteromma

Alle gjesterom vart pussa opp våren 2003. Sengetalet på kvart rom varierer frå to til seks. Alle sengene er nye rammemadrasser av god kvalitet. Mange av roma har eige bad, nokre rom deler bad med naborommet, medan andre må nytta bad rett over gangen. Romma er enkle, men ljose og trivelege og med eit garderobeskap høyrande til kvar seng. Ikkje alle romma har eige bad, men dei felles baderomma er til gjengjeld nye og lekre

Fellesromma

Folgefonn Gjestetun si "fortid" som alders- og sjukeheim gjer det annleis enn andre overnattingsstader. Her finn du romslege korridorar med sitjegrupper og fellesareal, fleire fjernsynskrokar, peisestove og aktivitetsrom. Eit romsleg atrium gjev gjestene eit stort uterom til grilling og "uterestaurant".

Kjem det ei regnbyge, syter store markiser for at gjestene sit like turt. Vert det kjølig ein sein sommarkveld, vert terrassevarmarane tende.


Me kan tilby ei kosleg peisestove og romslege korridorar med trivelege sitjegrupper.