Her finn du oss!
 
Jondal er kommunen mellom fjord og fonn.

Her er einaste staden i landet du kan køyra med bil heilt opp til kanten av ein isbre.

Berre 19 kilometer frå sentrum ligg Folgefonn Sommarskisenter.

Ein tur opp dit er ei stor oppleving, anten du sjølv vil prøva ski eller snøbrett, ta beina fatt oppetter breen eller berre nyta synet av det yrande livet i skisenteret.
Jondal har ferjesamband over Hardangerfjorden, og reisetida frå Bergen - ferjeturen irekna - er under to timar. Her finn du ferjeruter for strekninga Tørvikbyg - Jondal. Oslo ligg litt mindre sentralt til, sju timar vekke, men det er ferjefritt vegsamband over Haukelifjell. Sjølv om Jondal Kommune med sine dryge tusen innbyggjarar er blant dei minste i Hardanger, er servicetilboda godt utbygde.
Jondal ovanfrå, den raude prikken er Folgefonn Gjestetun

Sommargjestene set særleg pris på godt tilrettelagde badeplassar, og mange nyttar dei mange merka turløypene i fjellet. Midt i kommunesenteret, tre hundre meter frå ferjekaien i retning Folgefonna, ligg Folgefonn Gjestetun fredeleg til med kyrkja - "Hardangerkatedralen" - som næraste granne.


Jondal ovanfrå, den raude prikken er Folgefonn Gjestetun