LEIRSKULE

Prøv ei veke på Folgefonn Gjestetun I perioden mars til oktober ønskjer me skuleklassar velkomne til vekesopphald (måndag til fredag). Me er ikkje ein godkjend leirskule med eigen leirskulelærer, så målgruppa vår er lærarar og skuleklassar som vil stå meir fritt enn kva ein gjer på dei vanlege leirskulane. Med tema "Hardanger - fjord, fjell og fonn" har me laga eit godt framlegg til eit vekeprogram. Bussreise Reise med rutebuss vil gje den rimelegaste reisa. Følgjande tider er aktuelle for skuleklasssar frå Bergensområdet: Måndag --> kl.0930: Avreise frå Bergen bussterminal --> kl.1055: Til Norheimsund - program på Hardanger fartøyvernsenter --> kl.1320: Frå Norheimsund --> kl.1340: Frå Tørvikbygd (ferje) --> kl.1355: Til Jondal Fredag --> kl.1130: Frå Jondal (ferje) --> kl.1150: Frå Tørvikbygd --> kl.1205: Til Norheimsund --> kl.1245: Frå Norheimsund --> kl.1410: Til Bergen bussterminal Innlosjering - Innlosjering på 4-6 sengsrom med nye, gode rammemadrasser - Romma kan væra med eller utan bad - Oppreidde senger og handdukar (handkle) Ordensreglar Vår einaste ordensregel er at alle møter til måltida, syner vanleg bordskikk og folkeskikk. Det er opp til dei ansvarlege for den einskilde klassen å fastsetja andre reglar, til dømes med omsyn til leggjetid osv. Prisar Prisane er baserte på ein klasse med 25 elevar. To leiarar går gratis både når det gjeld reise, aktivitetar, mat og innkvartering. Diverse prisar: Fartøyvernsenteret kr 30,- Kultur og kulturlandskap - Mælen kr 30,- Busstransport tysdag og onsdag kr 120,- Brevandring med førar eller dagskort sommarskisenteret kr 220,-

FRAMLEGG TIL EIT VEKEPROGRAM

"Hardanger - fjord, fjell og fonn" Måndag Avreise fra Bergen Programbolk 1: Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund (2-3 timar) - Biletspelet "Då sjøen var vegen" (30 min) - Aktivitetsløype (to og to) som tek elevane innom på verkstader, fartøyslipp, reipslagarbane med meir. Mellom anna får kvart elevpar laga eit hoppetau. Medfølgjande lærar går gjennom svarark etterpå. - Omvisaren på Fartøyvernsenteret står til klassen sin disposisjon i inntil ein time. Lunsj på Folgefonn Gjestetun. Programbolk 2: Gjer deg kjend i nærområdet - Utstyrt med kart (M 1:5000) finn elevane fram til badeplass, båthamn, fotballbane, kraftstasjon, butikkar og andre sentrale stader i tettstaden Jondal. Middag: Kjøtkaker med poteter og brun saus. Gele med vaniljesaus. Tysdag Frukost, elevane lagar seg lunsjpakke. Programbolk 1: Folgefonna Alternativ 1 (vår - før sommarskisenteret opnar om lag i midten av mai): Skitur langs kvista løype til toppen av Folgefonna (1663 moh) Alternativ 2 (midten av mai til midten av september - i opningstida for sommarskisenteret): Snøbrett/ski i bakkane på sommarskisenteret/ fottur oppover breen for dei som ikkje ønskjer å nytta ski/snøbrett Alternativ 3 (hausten): Brevandring på blåis med Folgefonni Breførarlag. Middag: Bakt aure med sjampingjongstuing, grønnsaker og poteter. Skillingsbollar Programbolk 2: Bading/ballspell - Bading og/eller vassaktivitetar på badeplassen i Vik eller - Ballspel på idrettsplassen/i gymsalen på Jondal skule - Kamp mot det lokale fotballaget, dersom det er interesse for det. Onsdag Frukost, elevane lagar seg nistepakke. Programbolk 1: Kultur og kulturlandskap - Herand og Mælen - Aquafarms Herand %96 frå rogn til smolt til matfisk - Kulturløype i Herand, blant anna med stopp på hellerissfelt, oppgangssag, kvernhus og steinalderheller. - Farmen - kulturlandskapet og det gamle gardstunet i Mælen - Mælen kultursenter med kunstgalleri, demonstrasjon av kunstdreiing Lunsj på Folgefonn Gjestetun Programbolk 2: Bading/ballspell - Bading og/eller vassaktivitetar på badeplassen i Vik eller - Ballspel på idrettsplassen/i gymsalen på Jondal skule Middag: Biffgryte med ris. Is og frukt. Torsdag Frukost, elevane lagar seg lunsjpakke. Programbolk 1: Stølstur - Fjellstøl 590 moh - Me følgjer stølsvegen opp lia frå Sætveit til Fjellstøl - Grilling og koking av ekte kaffe ute eller inne i ei av hyttene. - Valfri aktivitet: Tur til Vikanuten (1090 moh) med panoramautsyn over Hardanger Middag: Lasagne med salat. Sjokoladepudding med vaniljesaus Programbolk 2: Avslutningsfest Fredag Frukost Rydding og avreise